Nok ein gong grunn til å heie på Jøsnesprodukta ! BÅDE Eiane Gard OG Buhagen er gått vidare frå delfinale til FINALE i kåringa av landets beste produkter i "Det norske måltid". Buhagen i klassen "Årets drikk" med sin "Musserende eplemost" og Eiane Gard i klassen "Årers sider" for sin "Brist".
Begge produsentane står "på håvet" i innhausting, sortering, safting, tapping og pakking.....og de er ikkje lette å få i tale. Men her har me fått et blinkskot av to av "medarbeidarane" ute i frukthagen: Unge, franske Bastian er epleplukkar BÅDE på Eiane og på Skiftun/Buhagen, med erfaring frå drueplukking i Champagnedistriktet. Her saman med Olga Hjorteland som går fulle dagar heile innhaustingsesongen, i sitt 90-ende år (og har hausta frukt nesten like mange sesongar). Me tippar påstanden om at innhaustinga er i dei beste hender begge stader.
Foto: Jostein Hjorteland
Finalen i "Det norske måltid" er 2. februar 2023 . Følg med - stryk flagget !
Glede i leiren på Eiane over finaleplassen :
Foto:Eiane gard
Tommel opp frå Elodie og Jon på EianeFoto: Eiane gard
Og her er Simon Mathisen i full sving - klar for safting av eplesorten Sunrise på kaien på Skiftun:
Foto: Jostein Hjorteland
Dei to finaleprodukta :